Fotball | 13. mars 2017

Slo Viking i Stavanger

Juniorgutta til Os Fotball tok ein fin skalp på treningsleir i Stavanger. Slo Viking 2-1.

Slo Viking i Stavanger
Førsteårsjunior Steffen Kvamsdal satte inn utligninga mot Viking (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 13. mars 2017 13:55

Medan A-laget, med ein god del juniorar, vann treningskampen heime mot Bjarg 2-0 laurdag var resten av juniorane i Stavanger til treningskampar mot juniorane til Viking og Sandnes Ulf.

I laurdagens kamp slo Osgutane like greitt til med 2-1 siger over vertane Viking.

– Det er alltid greit å vinna fotballkamper, men vi skal vel vera så ærlege å seie at det var ein heldig siger. Viking var betre enn oss, fortel trenar Odd Jarle Hjelle.

Keepertabbe gav siger

Viking kom best i gang i kampen og gjekk opp i 1-0 før Steffen Kvamsdal utligna til 1-1 i starten av andre omgang.

– 2-1-målet er ei keepertabbe. Trym Hjørnevik kjem rundt og slår eit innlegg som Vikingkeeperen roter inn i eige mål.

Har litt å gå på

Hjelle fortel at dei fekk øvd på det dei har trent på den siste tida, men at det nok må jobbast meir.

– Vi skulle trena på det etablerte spelet bakover på banen, men vi slepp dei til på for mange sjansar, så her må vi berre jobba på vidare for å få enno betre struktur på det. Offensivt så misser vi ballen for mykje når vi blir pressa, oppsummerar trenaren.

Stilte tynne tropp

Med fleire spelarar opptekne på A-laget reiste juniorane med berre 15 mann til Stavanger.

– Vi skulle vore atten. Det at vi var såpass få gjordet at det blei litt for mykje speletid på eindel av gutane. Det såg vi i søndagens kamp mot Sandnes Ulf kor vi taper 2-9. Vi blir slitne og gjer mykje av dei same feila som laurdag mot Viking, avsluttar Hjelle.

Måla til Os mot Sandnes Ulf sto Alexander Tøssebro for.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.