Sløkte bål på Hatvik
Framleis stor brannfare: Turgåarar meldte frå om røyk frå terrenget.
Søndag i 14-tida rykte brannvesenet ut på melding om mogleg grasbrann mellom Hatvikvegen og Moldadalen.
Det viste seg å vera eit bål.
Bålet blei sløkt og området rundt blei dynka med vatn.
– Sjølv om det var nokre regnbyger laurdag ettermiddag og natt til søndag, ser eg på dette som uforsvarleg. Det er framleis tørt i terrenget, i dag er det dessutan ein del vind, seier innsatsleiar Anne Kjersti Storebø.
Fredag var det varmerekord med 32,2 gradar på Florida målestasjon i Bergen, laurdag var det nesten like varmt.
– Vi har hatt ein lang periode med tørke, det skal lite til for at ein brann utviklar seg. Før helga sløkte vi grasbrann på ein liten flekk med plen nær restauranten Lucianos. Den var truleg tent av ein sigarettsneip.
Politiet var òg på staden. Bålbrennaren slapp unna med litt kjeft.
– Vi delte ut ein reprimande, men det er ikkje oppretta sak, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.