Sløkte grasbrann på Hatvik
Ein vaken bilist tok spaden i eiga hand då det brann på Hatvik torsdag ettermiddag.


Torsdag i 15-tida rykte brannvesenet ut på melding om grasbrann på Hatvik.
– Ein bilist meldte ifrå og hadde sjølv sløkt brannen med ein spade då vi kom fram, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
– Det er tørt ute, så vi kan vera glad for at brannen blei oppdaga og sløkt raskt. Det ulma framleis då vi kom fram, så vi dynka staden skikkeleg med vatn før vi reiste tilbake til stasjonen.
Ifølgje Monsen kunne det sjå ut som om brannen har ulma ei god stund før den hadde spreidd seg i graset og innover mot skogen.
– Årsaka er uvisst, men det er ikkje utenkeleg at ein sneip som ikkje var sløkt kan ha starta brannen, seier varabrannsjefen.
Han oppmodar folk om å vera varsame no når det er så tørt.