Lokal | 27. apr. 2010

Sløkte sjølv

Dei tilsette i kistefabrikken fekk raskt kontroll på brannen i ei pussemaskin måndag ettermiddag.

Sløkte sjølv
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. apr. 2010 07:22

Måndag ettermiddag braut det ut brann i ei stor pussemaskin hos Sibi AS i Kolskogen. Sibi leverer likkister og gravferdsutstyr, og fabrikken på Os er ifølgje selskapet sine heimesider blant Skandinavias mest moderne.

- Flammane skal ha stått opp i avtrekket. Om brannen ikkje hadde blitt sløkt raskt kunne den ha spreidd seg og gjort stor skade, seier Gunnar Hatlelid frå Os brannvesen.

Til duk og dekka bord
Brannvesenet rykte raskt ut på den automatiske varslinga, men kom likevel for seint til å hjelpa.

- Dei tilsette hadde sløkt sjølv, brukt rett sløkkeutstyr og evakuert fabrikken. Vi kom til duk og dekka bord, seier Hatlelid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.