Lokal | 03. feb. 2014

Sludd og kuling i vente

Etter ein vindfull søndag får vi tre fine dagar. Så kjem det sludd og meir kuling.

Sludd og kuling i vente
Os hamn søndag. Torsdag er det venta meir kuling. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. feb. 2014 08:13

Søndag var det kuling frå sør, litt regn, høg flo og store bølgjer i Os hamn.

Måndag og dei to neste dagane er det venta noko finare vêr i Os, lettskya og minkande vind ned i laber bris måndag, overskya, opphaldsvêr og svak vind tysdag og lettskya og lett bris onsdag.

Men torsdag er det venta sludd og kuling.

Temperaturen skal gå frå 5-6 gradar ned i 2-3 gradar og vinden skal opp til stiv kuling i styrke.

Fredag og laurdag er det meldt mindre nedbør og litt svakare vind og temperaturar frå 1 til 4 gradar.

Sjå detaljert vêrmelding på Storm vs Yr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.