Næringsliv | 20. jan. 2014
Slutt for Outlet Store på Os
– Vi kjem ikkje til å opna igjen, seier Tore Henning Sund.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. jan. 2014 21:06
For eit år sidan la dei nye eigarane av Rosvold inn årene. Outlet Store AS kjøpte konkursbuet og opna utsal i same lokale.
– Vi held fram så lenge handelen er god, sa Tore Henning Sund til Midtsiden i juli.
Sund hadde då fire andre tilsvarande utsal og har fleire på gang.
Men før jul stengte dei dørene på Os.
– Det var bra handel i vår og sommar, men i haust var det dødt.
– Vi hadde heldigvis kort leigekontrakt så vi la ned. Vi kjem ikkje til å opna igjen i Os med det første, seier Sund.