Lokal | 13. sep. 2012

Slutt på revestrekane

Hjortejegarar skaut rev på Halhjem. Det er uvisst om det er den same som herja på Kuhnle i sommar, men det er truleg ikkje den einaste reven som bør fellast.

Slutt på revestrekane
Denne reven, som er utan hale, blei skoten av hjortejegerar tysdag. (privat foto: Bjørn Orrebakken)
Andris Hamretorsdag 13. sep. 2012 07:02

Sidan Os og Fusaposten og BT.no i august slo stort opp at ein sjuk rev hadde vore på drapstokt på Kuhnle har jegerar i området Kuhnle - Halhjem vore på utkikk etter den.

- VI har jo vore obs på rev når vi har vore ute i terrenget, men før tysdag har vi ikkje sett noko til den, fortel Alf Haugland.

Då han sat på hjortepost saman med Bjørn Orrebakken kom raudreven tuslande.

- Vi har ei åtehole med noko nedgravd hjorteavfall som den truleg kjende lukta av.

Destruert

Reven kom på skothald og enda sine dagar for hjortejegeren si kule.

- Om det er den som har herja på Kuhnle eller om dette er ein annan veit vi jo ikkje, men no er det i alle fall éin mindre som kan gjera skade.

Dyret dei skaut skal ha vore skabbate i pelsen. Reven har dei levert vidare til destruksjon.

Fleire revar?

Fleire gongar i sommar har sørenesingar hatt besøk av rev i hagane sine.

Les òg:

Bjørn får besøk av rev
Ingen hare-hopp?

I august fortalte ein Midtsiden-lesar om observasjon av to rev i Naustvågen på Halhjem.

– Dei virka sjuke og var ikkje redde, skriv vedkomande, som sendte oss bilde av ein av revane.

Det spørs om ikkje jegerane framleis bør halda augene opne etter reven.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.