Lokal | 28. okt. 2018

Slutt på sommartid

Har du stilt klokka i natt? I så fall er det kanskje for siste gong.

Slutt på sommartid
Sommaren har vore lang og fin, her sett frå Strønebrua 30. mai i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. okt. 2018 10:10

Siste søndag i mars blei klokka stilt til sommartid, i natt var det tilbake til normaltid.

Klokka 03.00 blei klokka stilt tilbake til 02.00. I natt har dette truleg skjedd automatisk på telefonen din. Har du klokke rundt armen eller på veggen må du kanskje gjera jobben manuelt.

I Noreg hadde vi sommartid for første gong i 1916, fast frå 1943 til 1945 og 1959 til 1965. Frå 1980 har vi pratisert sommartid kvart år.

Årsaka er at vi utnytter dagslyset betre om sommaren når vi, ved å stilla klokka får lysare kveldar i staden for mykje lys før vi har stått opp.

Men søvnforskarar meiner det å vri ein time på døgnet kan vera helseskadeleg, og no ønskjer næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) at folket skal få bestemma om ordninga skal skrotast.

– EU skal kanskje avskaffa ordninga. Om vi skal følgja etter, må vi ta folket med på råd, seier «tidsministeren» til NRK.no.

Vil ha «nettavstemning» for å slutte å stille klokka vår og høst

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.