Sluttar med fellestrening i Vognhallen
Herbalife-distrubutørane opplever vekst, og vil prioritera kjerneverksemda.
Etter over 3 år i Kolskogen flytta 24FitClub til utanørstrening under tak i Vognhallen. Der har opptil 80 personar om gangen trent gratis inntil 5 økter i veka sidan hausten 2017.
– Det har vore ei gøy tid! Trass litt trafikkstøy, har lokalet vore godt eigna, og vi er takksame for tida vi har hatt under dette taket, seier Eivind Hodneland.
Herbalife-instruktørane sel ulike formar for kosttilskot, men treninga har vore gratis, og utan at den har forplikta å ta seg ein shake eller kjøpa varer med seg heim.
– Vi jobbar med å hjelpa folk til ein livsstilsendring, ei varig forbetring av helsa si. 24FitClub har vore ein god arena for både fellestrening og å møta nye folk.
Slutt for den faste fellestreninga
Før jul blei det bestemt å avslutta 24FitClub.
– Det krev sitt å organisera denne, og etter seks år var interessa noko redusert. Mange har kome i gang med både betre kosthald og ein meir aktiv livsstil, men fleire trener på eigahand, seier Eivind, som sjølv held på å skjerpa formen inn mot Norseman Extreme Triathlon 2020.
– Samtidig har det blitt meir travelt. For vår del er omsetnaden nærmast dobla det siste året, og då ønskjer vi å prioritera kjerneverksemda vår; å koma i kontakt med fleire nye menneske som vil ha ein sunnare livsstil.
Hodneland, som saman med kona Marianne har jobba på fulltid med Herbalife sidan 2017, seier det likevel kan bli fleire fellesøkter ulike stadar i Os.
– Det er jo kjekt å vera aktiv saman med andre, så vi vil halda fram med å ha ulike turar saman. Men det blir ikkje trening på fast plass til faste tider utover i 2020.