Sport | 29. okt. 2010

Sluttspelet 2010

MidtsidenCup: Her er dei beste trearane i herrepulja og oppsettet for sluttspelet laurdag.

Sluttspelet 2010
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. okt. 2010 10:00

Etter innleiande rundar onsdag og torsdag står vi igjen med:

• 4 (av 7) damelag klare for semifinalar
• 8 (av 11) mixlag klare for kvartfinalar
• 12 (av 17) herrelag klare for mellomspel

I herreklassen gjekk dei to beste i fem puljar vidare, i tillegg er dei to beste trearane i pulje 1-4 vidare.

Beste trear blei Yorkshire No 1, nest beste blei Ungdomskilden IL. Begge går vidare.

Herrelaga speler mellomspel i fire puljer (3 lag i kvar pulje/2 kampar per lag), puljevinnarane går vidare til semifinale.

PS! Mangel på lokale gjorde at vi måtte avbestilla band og avlysa bankett. Men det er mange plassar å ta seg ein fest laurdag, sjå Midtsiden sin kulturkalender.

Herrepuljene, mellomspel:
(Puljevinnarane går vidare til semifinale)
Pulje 1: FIFA, Ungdomskilden og Orcus
Pulje 2: The Bodies, Yorkshire No 1 og Razor Ruddocks
Pulje 3: Vågshaugen City, Tongane United og Humlo FC
Pulje 4: Bikkjo, T Ullrich og Tim Fadese

KAMPOPPSETT - LAURDAG
(Bane 1 og 2 er på den nye kunstgrasbanen, bane 3 og 4 på den eldre)

Mellomspel, herrar
10.00 B1: FIFA - Ungdomskilden IL
10.00 B2: The Bodies - Yorkshire No 1
10.00 B3: Vågshaugen City - Tongane United
10.00 B4: Bikkjo - T Ullrich

Kvartfinalar, mix: (RETTA)
10.30 B1: Skrøpelige Bein - Liggeunderlaget
10.30 B2: Rett Vest - Sexykjeks
10.30 B3: Team Lucianos - Plastposane
10.30 B4: God STIL - Tha Crabs

Mellomspel, herrar:
11.00 B1: T Ullrich - Tim Fadese
11.00 B2: Tongane United - Humlo FC
11.00 B3: Razor Ruddocks - Yorkshire No 1
11.00 B4: Orcus - Ungdomskilden IL

Semifinalar, damer:
11.30 B1: The Warriors - (G)old Ladies
11.30 B2: Havets Delikatesser - No Name, No Fame

Mellomspel, herrar:
12.00 B1: Orcus - FIFA
12.00 B2: Razor Ruddocks - The Bodies
12.00 B3: Humlo FC - Vågshaugen City
12.00 B4: Tim Fadese - Bikkjo

Semifinalar, mix:
12.30 B1: Vinnar K1 - Vinnar K2
12.30 B2: Vinnar K3 - Vinnar K4

Semifinalar, herre:
13.00 B1: Vinnar pulje 1 - Vinnar pulje 2
13.00 B2: Vinnar pulje 3 - Vinnar pulje 4

FINALAR
13.30 Dameklassen
14.00 Mixklassen
14.30 Herreklassen

Tilbakemeldingar og kommentarar
• Mange lag har kome med ønskje om å byta enkeltspelarar etter at endeleg lagliste blei sendt i førre veke. Alle har spurt, sendt namneendringa på epost og fått lov, men dessverre har ikkje alle byta blitt oppdatert i lista på nett. Denne fleksible ordninga har vi blitt nødt til å ha, elles ville vi risikert at fleire ville trekt laget sitt.
• Enkelte lag har berre fått to kampar i cupen. Vi vurderte å ha færre herrepuljer, men fann ut at fire kampar desse regntunge innleiande kveldane kunne bli i meste laget.
• Som tidlegare år stiller mange lag med gode spelarar, aktive i divisjonar lågare enn kva vi tel som aktiv (5. divisjon). Neste år kan det bli aktuelt å uvida med eigne eliteklassar og amatørklassar, dette er noko vi kjem tilbake til etter årets cup.

Har du kommentarar eller tips som kan gjera MidtsidenCup betre? Send dei til kjetil@midtsiden.no


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.