Lokal | 14. apr. 2019

Smarte val i påsken

Enkle og sunne grep mellom snop og late stunder.

Smarte val i påsken
Men med nokre smarte grep kan påskeveka bestå av både god mat, mykje bevegelse og det lille ekstra, seier Torill Bakke. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 14. apr. 2019 07:42

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring.

• Førre artikkel: Kva bør du eta etter trening?

Påskeferien er i gang for mange av oss. Dette kan bli ei lang friveke der eit velfylt påskeegg er tilgjengelig heile tida, og den fysiske aktiviteten gjerne ikkje blir fullt så stor som vi planla. Vi skal sjølvsagt nyta ferien og litt fri frå kvardagen, men sjølv om påsken varer berre ei dryg veke kan vi ha nytte av å ta med oss nokre enkle, men smarte grep som sparer oss for mange tomme kaloriar, og som sikrar oss litt meir fysisk aktivitet.

Alt med måte

Eit velfylt og tilgjengelig påskeegg kvar dag kan bidra til overraskande mange kaloriar i løpet av heile påskeveka. Her kan det vera smart å velja eit lite, eller eit mellomstort påskeegg framfor eit av dei aller største egga du finn i butikken. 100 gram smågodt utgjer ca 400-500 kaloriar, og dersom du har fylt egget ditt med meir sjokolade og karamellar drar dette kaloriinnhaldet yttarlegare opp. Og dei største påskeegga rommar mykje meir enn 100 gram smågodt…

Hugs påskeappelsina

Et dine «fem om dagen» også i påsken. «Fem om dagen» er sunne godsaker som i tillegg til å smaka godt sikrar kroppen din nødvendige vitaminar og mineralar, samtidig som det forebygger livsstilssjukdommar som overvekt, diabetes type 2, hjertesjukdommar og ulike formar for kreft. Så hugs like godt på påskeappelsina som kvikklunsjen når du skal på tur i påsken.

Velg vatn eller brus utan sukker

Drikk mest vatn som tørstedrikk. I valet mellom brus bør du alltid velja sukkerfri brus framfor den med sukker. Sukkerhaldig brus gir deg mange unødvendige kaloriar. Altså mykje energi, men ingen følelse av å vera mett.
For å gje eit eksempel gir påskebrusen Solo med sukker deg ca 42 kaloriar på 1 dl, mens Solo Super utan tilsett sukker gir deg ca 6 kaloriar.

Beveg deg litt kvar dag

Fridagane i påsken er fine å bruka til å vera fysisk aktiv.Trener du i påsken kan du faktisk møta kvardagen som endå litt sprekare enn før ferien.
Regelmessig fysisk aktivitet er først og fremst viktig for ei god helse, men det vil også bidra til å forbrenna nokre ekstra kaloriar. Ein time sittande på sofaen forbrenn ca 74 kalorier, mens ein time rolig gange forbrenn ca 215 kaloriar.

Dersom du vil dra forbruket ditt endå litt meir opp vil ein time på langrenn forbrenna ca 400 kaloriar, mens ein time moderat løpetur forbrenner ca 800 kaloriar. Her er det viktig å presisera at kaloritala er rekna ut i frå ein person på 70 kg. Det er mange faktorar som verkar inn på kaloriforbruket ditt i aktivitet, som til dømes intensiteten på aktiviteten, så kaloriforbruket vil her berre vera ein peikepinn.

Påsken er sjølvsagt ei tid der ein skal nyta det lille ekstra som høyrer ferien til utan å få dårlig samvit. Men med nokre smarte grep kan påskeveka bestå av både god mat, mykje bevegelse og det lille ekstra.

Med ein balansert kvardag ellers som mest av alt bygger på eit sunt og variert kosthald kombinert med regelmessig aktivitet og trening, er det ingen grunn til å ha dårlig samvit etter eit par påskedagar med litt meir sjokolade enn vanleg.

Alt med måte. Nyt ferien!

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kostvegleiar
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.