Sport | 06. aug. 2019

Småskadd Søfteland tok 8. plass i Sverige

27 km terrengløp og eit lite overtråkk var «oppkøyringa» til det 4,9 km lange vertikalløpet i Åre.

Småskadd Søfteland tok 8. plass i Sverige
Andreas Søfteland gjennomførte, men spaserte siste 6 av 27 km i Sverige. To dagar seinare tok han ein sterk 8. plass i eit vertikalløp. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. aug. 2019 07:43

Bildeserie:

Marianne, Maria, Andreas og André.
Marianne, Maria, Andreas og André.
Andreas på veg til 8. plass.
Andreas på veg til 8. plass.
1 av 2
Marianne, Maria, Andreas og André.
Andreas på veg til 8. plass.

I vår tok han 1. plass i motbakkeløp på Gran Canaria, i førre veke var han nær pallplass i eit vertikalløp i Sverige.

– Ved eit slumpetreff opppdaga eg at ein fjelløpar frå Bergen blei spurd på Facebookom han skulle delta i dette løpet, som eg ikkje hadde høyrd om før, og som viste seg å vera ei veke med fleire store, interessante løp i den svenske skidestinasjonen, fortel Andreas.

Han og kjærasten, Maria Steien, fekk med seg André Aspenes og Marianne Davanger frå Opptur Motbakkeklubb.

Første løp var Salomon 27 km, som alle fire deltok i.

Overtråkk etter 20 km

André gjorde eit godt løp, og kom på 147. plass av 600 startande. Marianne og Maria har aldri deltatt i eit så langt løp før, og løpte saman til plassering omtrent midt på lista for damene.

Andreas låg bra an etter 20 km, men trakka over, og måtte gå til mål.

– Eg kunne nok ha jogga litt etter ei stund, men då hadde eg sleppt 30-40 løparar forbi meg, så det var ikkje vits. Dessutan skulle eg delta i nytt løp på same plass eit par dagar seinare.

Nesten frisk ganske fort

Etter to dagar kvile og litt vandring hadde Andreas nesten gått av seg symptoma på skade etter overtråkket.

Då sto Peak Performance Vertikal for tur. Løpet er 4,9 km langt opp 1000 høgdemeter.

– Eg kjente det litt i foten, og hadde dessutan ferske 27 km i beina, så det var tungt. Men eg fekk likevel god fart, og er nøgd med resultatet.

Andreas landa på 8. plass av 255 deltakarar. Tida var to minutt etter førre løyperekord (det blei sett ny rekord i år).

I god form før årets hovudmål

Han veit ikkje så mykje om konkurrentane, anna enn at han slo ein aktiv orienteringsløpar frå Noreg, og at vinnaren lever av å løpa, og blant anna står verdscup på langrenn om vinteren.

– Det var uansett ei fin oppleving og nokre gode dagar i Åre, der denne løpefestivalen meddeltakarar og sponsorar lagde eit yrande folkeliv.

– Og det var naturlegvis ekstra godt å kjenna at formen er grei no når årets hovudmål, Skåla Opp, er rett rundt hjørnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.