Sport | 26. apr. 2017

Småtrøblete rallypremiere for CircleX

– Det blei ikkje dei gode resultata, men vi fekk sjå at teamet fungerer, seier Jarle Nytræ etter sesongopninga.

Småtrøblete rallypremiere for CircleX
Jarle Nytræ fekk 12. plass i sesongpremieren. (Foto: Team CircleX)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. apr. 2017 07:27

Bildeserie:

På plass i Skien. (Foto: Team CircleX)
På plass i Skien. (Foto: Team CircleX)
God stemning i teamet: Marius Lepsøe og Jonny Møgster. (Foto: Team CircleX)
God stemning i teamet: Marius Lepsøe og Jonny Møgster. (Foto: Team CircleX)
Comeback-Ramona i intervju. (Foto: Team CircleX)
Comeback-Ramona i intervju. (Foto: Team CircleX)
1 av 3
På plass i Skien. (Foto: Team CircleX)
God stemning i teamet: Marius Lepsøe og Jonny Møgster. (Foto: Team CircleX)
Comeback-Ramona i intervju. (Foto: Team CircleX)

I helga stilte CircleX til sesongpremiere på RallyX Nordic i Skien.

CircleX, som har styrka teamet med svenske Ramona Karlsson, fekk ikkje optimal utteljing i verstingklassen «supercar», med inntil 600 hk.

– Vi hadde ein del tekniske utfordringar. Det som let seg løysa på staden løyste seg greit, vi fekk sjå at teamet fungerer og det var godt å koma i gang, seier Jarle Nytræ.

Jarle var den frå CircleX som gjorde det best, med 12. plass av 17 påmeldte.

Ramona hadde nokre fine rundetider, men hadde nokre problem med elektrisiteten i bilen.

Frode Holte hadde motorproblem og fekk ikkje køyrd.

Det var eit generasjonsskifte denne helga, der alle tre på pallen var debutantar i supercar-klassen:

1: Oliver Eriksson, Olsbergs MSE, Ford Fiesta, SWE
2: Thomas Bryntesson, JC Raceteknik, Ford Fiesta, NOR
3: Oliver Solberg, Oliver Solberg RX, Citroen DS3, LAV

– Det var godt å vera tilbake i setet igjen, og eg ser frem til Arvika 3. juni, seier Ramona på eigen Facebookside.

Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.