Lokal | 16. sep. 2020

Smitteauke i Bjørnafjorden: Ber innbyggarane skjerpa seg

Kommuneleiinga med detaljar og klare oppmodingar.

Smitteauke i Bjørnafjorden: Ber innbyggarane skjerpa seg
F.v: Nils-Petter Borge, Trine Lindborg og Jonas Nordvik Dale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. sep. 2020 12:44

I dag fortel Bjørnafjorden kommune om to nye smittetilfelle. Begge er kvinner i 20-åra.

10. august kom det første smittetilfellet i Bjørnafjorden sidan 14. april.

I løpet av fem veker, frå 10. august til 5. september, var det 4 smittetilfelle.

No har vi hatt 6 smittetilfelle på dei siste 9 dagane.

– Vi må skjerpa oss! Det gjeld mange, inkludert meg sjølv, seier ordførar Trine Lindborg.

Ho inviterte lokalpressen til samtale i dag, saman med assisterande kommunedirektør Nils-Petter Borge og smittevernlege Jonas Nordvik Dale - for å understreka alvoret.

– Vi har hatt lite smitte til no, men denne tendensen den siste veka liker vi ikkje!

– Unngå å reisa til Bergen, hald avstand, unngå kontakt med andre om du er sjuk og vêr nøye med handhygiene! er oppmodinga frå ordføraren.

– Er du nærmare enn to meter i over 15 minutt så blir du rekna som nærkontakt, supplerer Dale.

10 av 12 er i 20-åra - alle har blitt smitta i Bergen

All smitte i haust, med eitt unntak, har kome frå Bergen. Alle dei smitta bur på Os-sida av kommunen.

8 av dei 12 smitta i haust er kvinner i 20-åra, to andre er menn i 20-åra.

– Kva omgjevnadar er desse smitta i? Er det fest, handletur eller besøk hos ein ven?

– Vi vil ikkje ut med detaljar, seier Nordvik Dale.

– Dei som er sjuke, korleis har dei det?

– Alle dei som er sjuke har det bra. Det er viktig at ikkje det å ha covid-19 blir tabubelagt. Vi må vera opne om smitta og nærkontaktar, så vi best mogleg kan hindra smitte, seier smittevernlegen.

– Om du trur du er sjuk, så er du sjuk. Hald deg heime!

Kan få alvorlege konsekvensar

Lindborg seier ho reknar med at dei fleste sin store skrekk, er å smitta andre.

– Sjølv om dei som er unge stort sett ikkje opplever covid-19 som alvorleg, kan auka smitte blant innbyggarane fort råka nokon som ikkje toler det.

– I tillegg kan det få alvorlege konsekvensar for enkelte av dei som blir smitta, for samfunnet og for kapasiteten til å hjelpa dei som treng hjelp.

Kommuneleiinga stilte utan ris bak speglet, dei vil ikkje ut med kva tiltak som kan bli aktuelle å setja inn om ikkje smittetala går ned.

– Det blir opp til kriseleiinga i kommunen å avgjera.

Høgt sjukefråvêr

Terskelen er no låg for å bli verande heime. Det fører naturlegvis til høgt sjukefråvêr.

– Vi merker det allereie, kortidsfråvêret er høgt, enkelte tenester har vanskar med å skaffa vikarar, og vi fryktar at situasjonen skal bli verre, seier Borge.

Smittetestar som er tatt i haust har avdekka at mange av dei med symptom har hatt vanleg forkjøling, smitta av rhino-viruset.

– Om rhinovirusinfeksjon aukar i haust får vi endå fleire inn til testing og heime frå jobb mens dei ventar på svar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.