Måndag skal ny forskrift formast i ekstraordinært kommunestyremøte. (Foto: KVB)
Måndag skal ny forskrift formast i ekstraordinært kommunestyremøte. (Foto: KVB)

Smittevern: Bergen forlenger i to veker, Bjørnafjorden følgjer truleg etter

– Vi ser betring, men det er nok for tidleg å sleppa opp, seier Lindborg.

Kjetil Vasby Bruarøy
20. november 2020 - 15:07

I dag har Bergen kommune forlenga dei skjerpa, lokale smitteverntiltaka med to veker, fram til 7. desember.

– Folk må innstilla seg på strenge restriksjonar i to veker til, seier byrådsleiar Roger Valhammer til BT.

Ny forskrift skal for Bergen skal koma måndag. Særleg regelen om maks fem personar samla i privat heim har skapt reaksjonar. Valhammer seier det kan koma små justeringar, men neppe store endringar i dagens forskrift.

No seier ordførar Trine Lindborg at Bjørnafjorden kommune truleg følgjer same spor.

 – Vi ser heldigvis at tiltaka byrjar å fungera, og at det er summen av tiltaka som gir effekt. Bjørnafjordingane har vore veldig flinke til å følgje reglane, men alle medisinske tilrådingar tilseier at det framleis er for tidleg å sleppa opp, seier Lindborg i ei pressemelding.

Bjørnafjorden kommunestyre skal behandla ei eventuell forlenging av dei lokale smitteverntiltaka i eit ekstraordinært kommunestyremøte måndag 23. november.

Dei siste to vekene, altså etter at den nye forskrifta kom, har vi hatt 36 nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune. Samla for heile våren var 14 smitta.

Samtidig er det ikkje venta å sjå effekt av nye tiltak før etter minst to veker.

 

 

Les meir om

Lokal Korona