Lokal | 21. okt. 2014

Smykkar ut Luranetunet

To avdelingar på Luranetunet får fotografier frå Os fotoklubb, men først kan osingar nyta bileta på biblioteket.

Smykkar ut Luranetunet
Tre av bileta som skal pynta opp på Luranetunet etter at utstillinga på bibliotektet er ferdig (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 21. okt. 2014 12:22

I samband med at dei kommunale kulturprosjektmidla (KUP-midla) blei lyst ut våren 2013 ønskja Os fotoklubb å starta prosjektet "Klart fokus" som hadde som formål å utsmykka institusjoner/bustader innan helse- og omsorgsområdet og å gje medlemmane i fotoklubben ein motivasjon og eit læringsutbytte i fotograferinga si.

Laurdag opna fotoklubben ein vernissasje i biblioteket, kor bileta som seinare skal henga på to av avdelingane på Luranetunet er utstilt.

– Det blei eit fint arrangementet, med mykje folk på laurdag, fortel Simen Soltvedt, leiar i Os fotoklubb.

Fekk velja

Soltvedt fortel at dei av medlemmane som ønskja å bidra leverte inn sine bileter til vurdering.

– Ei gruppe på Luranetunet såg bileta og plukka ut dei som dei tenkte ville passa inn.

– Saman med ei gruppe frå fotoklubben såg dei så på kor dei forskjellige bileta kunne henge og kor store dei skulle vera.

– Eg trur det største har blitt 120x150 centimeter.

– Det er store veggflater som skal dekorerast, så dei måtte tåla å bli blåst opp, forklarar Soltvedt.

Dekka produksjonen

Støtta på 30 000 kroner frå KUP-midlane har gått med til produksjonen av bileta.

– Det er ingen av fotografane som har fått penger for bileta sine.

– Støtta vi fekk frå kommunen har gått med til sjølve produksjonen, mellomanna det å få bileta over på lerret i rett størrelse.

Utstillinga i biblioteket vil henga i omlag ein månad før bileta blir flytta og hengt opp på Luranetunet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.