Lokal | 23. aug. 2009

"Smykke" sakna

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. aug. 2009 19:13

Ein lysefjording flytta fredag dei to kajakkane sine eit stykke ut på kaien. Han skulle ha gjestar, og båtane låg i vegen.

- Då gjestane skulle gå såg vi at det eine kajakken var vekke, fortel eigaren.

Han trudde at eit av dei sterke vindkasta hadde tatt kajakken, og brukte heile laurdagen på å leita. Men båten er framleis vekke.

- Den er handlaga i Sandnes. Eg fekk den i gåve for nokre år sidan, noko som gjer at den er ekstra sårt sakna.

Båten forsvann frå eit naust vis a vis Ole Bulls villa på Løsøya. Frå dette området er det ikkje mange plassar båten kan ha rekt.

No håpar eigaren at nokon har funne kajakken og tatt vare på den, og at dei kontaktar politiet for å melda om funnet.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.