Lokal | 14. feb. 2017
Snakka seg inn i narkosak
Mann og dame i 40-åra tatt med amfetamin og hasj heime hos seg sjølv.
Andris Hamretysdag 14. feb. 2017 09:29
I 20-tida måndag kveld var politiet ute på ei adresse i Os.
– Vi snakka der med to personar, ein mann og ei dame i 40-åra. Gjennom samtalen fekk vi skjellig grunn til mistanke om narkotikabruk og gjekk inn i bustaden deira. Der fann vi mindre mengder amfetamin og hasj, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Dei to blei avhøyrd på staden og blir meldt for forholdet.
– Det er no opp til jurist å avgjera straffereaksjonen. Om det ikkje er andre forhold som speler inn, så vil ein normal straffereaksjon i saker som dette vera eit forelegg.