Kultur | 26. mars 2014

Snapshots frå kvardagen

Det er 11 år sidan sist Cecilie Galtung Døsvig hadde utstilling på Vedholmen Galleri. No er ho tilbake som vårens gjest.

Snapshots frå kvardagen
Cecilie Galtung Døsvig i sitt ateleier i mars, i forkant av utstillinga i Øyane. 
Kari M. Lyssandonsdag 26. mars 2014 10:33

Laurdag 29. mars er det vernissasje for vårutstillinga "Øyeblikk" på Vedholmen Galleri.

Då bli maleri i akryl og digitale trykk signert kunstnar Cecilie Galtung Døsvig vist, saman med skulpturar i keramikk og betong av kunstnar og gallerist Vibeke Harild.

Tidlause maleri

– Bilda hennar er meir figurative no enn tidlegare, då var det meir former, fortel Harild.

Allereie før utstillinga er opna er to av Cecilie sine verk selt.

– Galtung Døsvig er ein utruleg dyktig internasjonal kunstnar, maleria hennar er tidlause og kunne vore frå ein kvar som helst stad i verda.

Vårutstillinga er kalla "Øyeblikk" nettopp fordi Galtung Døsvig sin kunst ofte viser menneske i farten, fanga i augneblinken.

– Det blir som "snapshots" frå kvardagen.

Arbeider under utstillinga

På opningsdagen vil musikar Morten André Larsen setja stemninga med klassisk gitarspel.

– Han var med oss i haust og spelte så flott så vi er veldig glade for at han vil koma tilbake.

Les òg: Med grep på Grieg (intervju med video av Larsen)

Begge kunstnarane kjem til å arbeida fortløpande etter vernissasjen, så om du tar turen første dagen kan det òg løna seg å koma tilbake.

– Vi kjem til å arbeida undervegs, så utstillinga kjem nok til å endra seg utover våren, avsluttar Harild.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.