Rektor Kåre Lutro håper bygget står klart før han i desember 2019 går av med pensjon. (Illustrasjon/foto: Link Arkitektur/Kjetil Osablod Grønvigh)

Nye skisser av Os Aktiv

Os ungdomskule klar for nytt bygg - men først må det gamle vekk.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I dag presentert Os kommune og prosjektleiar Knut Olav Torsvik teikningane av det som skal verta eit signalbygg i Landboden.

Først skal symjehallen og gymsalen frå 1966 rivast.

Det er Stoltz Entrepenør AS som har fått oppdraget med å riva den eksisterande bygningsmassa og erstatta den med det nye bygget, og arbeidet skal i gang før jul.

Fire spreke etasjar

Torsvik fortel at det skal vera ein namnekonkurranse på Os ungdomskule om kva bygget skal heita, men at i arbeidet vidare går det under Os Aktiv.

– Heile prosjektet er vedteke ferdig til 105 millionar, og kjem til å romma totalt 3800 kvadratmeter fordelt på 4 etasjar.

– Vi går ikkje nemneverdig ut i bredda, men grunna god utnytting i høgda, kjem vi ut med mykje areal, fortel Torsvik.

Endeleg opningsdato er ikkje sett, og Torsvik vil ikkje lokkast ut på glattisen på kor tid han trur det vert opning.

– Vi jobbar mot ei ferdigstilling i 2019, men eg kan ikkje her og no seia konkret kva datoen vert.

Gler seg

Ein som har gledd seg lenge til å få ny gymsal på plass er rektor ved Os ungdomsskule, Kåre Lutro.

– Dette har eg jobba tett med sidan 2010, og eg ser verkeleg fram til å sjå bygget ferdig.

– Badebassenget har ikkje vore i bruk på mange år, og tilstanden til gymsalen har gjort oss nøydd til å anten bruka gymsalen til Os barneskule til arrangement, mens vi har måtte skyssa elevar til Kuventræ for å ha gymnastikk.

Etasje for etasje

Bygget blir på fire etasjar.

• Parkeringsetasje med 32 plassar, sykkelparkering, lager og teknisk.

• Underetasje med 18 parkeringsplassar, 58 kvm til kunstundervising og fire musikkrom, det største på 90 kvm. I tillegg kjem kontor og fleire små garderobar/toalett.

• 1. etasje med gymsal på 425 kvm, scene på 41 kvm, treningsrom, fire store garderobar med dusj

• 2. etasje med to klasserom, to grupperom og nokre toalett

Det er i tillegg lagt til rette for eit stor areal utandørs under tak, som blant anna kan nyttast til trening.

Nytt uteområde

I tillegg til ny gymsal, fleire klasserom, garderobar og mellom anna fleire øvingslokale til kulturskulen kjem skuleplassen mellom skulebygget og det nye aktivitetsbygget til å verta rusta opp.

– Her skal vi verkeleg invitera til å «hengja ut», som kidsa seier, fortel Lutro. Elevrådet har vore, og er, med i prossessen om korleis vi kan gjera dette området grønt og invitera til aktivitet.

Lutro går av med pensjon 31. desember 2019. Han ser helst at byggearbeidet går unna i rekordfart.

Fleire saker