midtsiden

Snart klar for opning

I heile haust har det vore byggearbeid på Moberg. I neste veke opnar KIWI den nye butikken.

Av: Andris Hamre

Butikken på Moberg blir ein spesialtilpassa KIWI-butikk på 1000 kvm. Gjennom heile byggjeprosessen har KIWI sine eigne folk vore med på å påverka løysingane i butikken.

- Her drar vi konseptet heilt ut, mellom anna med ei stor og flott fruktavdeling, seier ein nøgd regionssjef Joakim Pedersen til midtsiden.no.

Torsdag 9. desember er det opning.

Er ønskja
I KIWI sin butikk på Haugsneset har dei tilsette stadig fått spørsmål om kor tid butikken på Moberg skal opna og korleis den blir.

- Eg har stor tru på den nye butikken. Det er tydeleg at daglegvarebutikk mellom Os sentrum og utover mot Halhjem har vore ei mangelvare, fortel Pedersen.

Kuvågen, Kuhnle og Sollia er eit store og attraktive bustadområde med mange småbarnsforeldre. Her er det nok fleire som set pris på å få butikk innan komfortabel gåavstand.

Kjente ansikt
Interessa for å bli ein av dei om lag 15 tilsette i den nye butikken har vore stor.

- Vi hadde éi annonse ute og fekk mange positive søkarar. Sjefen i den nye butikken blir eit kjent ansikt for KIWI-kundar på Os. Trine Bjørkhaug Dyke, som har vore sjef på Haugsneset, flyttar opp på Moberg, seier Pedersen.

- På Haugsneset har vi veldig høg omsetnad per kvadratmeter. Det gjer at det kan bli trongt, vi snublar nesten i kundar når vi skal fylla hyllene. Det blir litt vemodig å gå frå denne koselege Kiwi-butikken, men å auka frå 350 til 1050 kvadratmeter skal bli stas, trur Trine.

Trine jobba hos Drageset, som seinare selte til Norgesgruppen, i over 20 år. Dei siste fire åra har ho vore butikksjef på Kiwi på Haugsneset.

Tjuvstarta opplæringa
Jon Gaute Heimholt, som har jobba på Haugsneset sidan september 2009, blant anna som vikar for Trine då ho var i permisjon, overtar som sjef når Trine stikk til Moberg.

- I tillegg har vi fått med oss andre i KIWI-systemet som hadde lyst på nye utfordringar, i tillegg til ein del nye fjes. Fleire nye har vore på opplæring på Haugsneset for å vera klar til opninga på Moberg.

- Med opningstider frå 7-23 er det òg ein del skuleungdom som får deltidsjobb hos oss, avsluttar Joakim Pedersen som gler seg til å ønske kundane velkommen i ny butikk om omlag ei veke.

Fleire saker