Snart sesongopning
Nokre norske skianlegg har hatt ope i to veker, andre planlegg opning 7. november. Også i Myrkdalen kan det bli tidleg opning i år.


Snøproduksjonen går for fullt i mange norske skianlegg, og det er fleire som berre treng nokre kalde netter for å opna. Bjorli og Gaustablikk har allereie hatt ope to helger, siste helga i oktober opnar også Gålå og Kvitfjell, melder skiinfo.no.
Laurdag 7. november opnar to skianlegg litt nærmare Vestlandet og innan rekkevidde for bergensarar og osingar; Hemsedal og Geilo.
1,8 km frå start
- Mange døgn med kuldegradar, god snøproduksjon og gode vêrmeldingar gjer at Hemsedal Skisenter får ein rekordtidleg start på skisesongen i år. Og opnar vi så gjer vi det skikkeleg, seier destinasjonssjef Trond H. Østby i Hemsedal Skisenter.
Med "skikkeleg" meiner folka i Hemsedal opning av 450 høgdemeter og minst 1,8 km løype. Dei startar nemleg sesongen med å opna Hemsedalsløypa og 8-setersstolheisen Hollvin Ekspress.
Dei satsar også på å opna Hamarheisen og heisar i barneområdet før den 13. november.
20 cm i Myrkdalen
Nærmare Os blir det truleg Voss Fjellandsby som opnar først. På toppen av Kari Traa-trekket er det i dag om lag 20 cm snø, i Vetlebotn rundt 10 cm.
- Dei tre siste åra har vi opna 18. 17. og 20. november. I år klarar vi kanskje rekord, med opning 14-15. november, seier Per Berge.
Medan dei i fjor jobba på spreng med å få klar tre nye heisar til sesongstart, blant anna ein 6-seters ekspressheis, kan gjengen i Myrkdalen i år konsentrera seg om snøproduksjon.
- Vi har auka kapasiteten på snøproduksjon og justert terrenget litt for å kunna opna så tidleg som mogleg. Får vi nok kulde så set vi i gong produksjonen, kunstsnø i botn er ideelt for oss som elles får så mykje snø at det knapt kjem tele i bakken.
- Men det gjer ingenting om vi får natursnø i tillegg. Når vi har 20-30 cm i botn er vi klare for opning, seier Berge.
Desse har mest snø 30. november:
Bjorli 40 cm
Gaustablikk 30 cm
Haukelifjell 30 cm
Oppdal 30 cm
Gol-Storefjell 30 cm
Desse har fått mest snø siste 7 dagar:
Haukelifjell 20 cm
Uvdal 10 cm
Geilo 10 cm
Tyin-Filefjell 5 cm
Nesbyen 5 cm
Andre skianlegg som tar sikte på tidleg sesongstart
Uvdal 6. November
Geilo 7. November
Hafjell 7. November
Kongsberg 7. November
Trysil 7. November
Tyin-Filefjell 7. November
Kjelde: skiinfo.no