Næringsliv | 27. mai 2019

Snart slutt for Metro Os

– Vi tømmer butikken og rundar av for å unngå konkurs, seier dagleg leiar Olaug Gjerde.

Snart slutt for Metro Os
Etter 15 år med Metro Os er det i dag starta opphøyrssal, åtte månadar før avvikling var planlagt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. mai 2019 09:28

Metro Os i Os Næringspark legg ned. Dei starta opphøyrssalet i dag.

– Eigarane i Kristiansand bestemte seg i førre veke. Eg fekk beskjed torsdag, fortel butikksjef Olaug Gjerde.

Ho jobba i 13 år på Mekka Basar og Nytt & Nyttig i Os sentrum før Metro Os opna i rundt 500 kvadratmeter stort lokale i Os Næringspark i 2004.

– Omsetnaden vaks jamt fram til toppåra 2014 og 2015. Sidan den gong har utviklinga vore negativ.

– Eg blir pensjonist neste år, og leigekontrakten går til januar 2020. Planen var å avvikla då, men omsetnaden har ikkje løfta seg. For å unngå konkurs køyrer vi opphøyrssal og styrt avvikling no og i vekene som kjem.

Siste Metro i Noreg

Butikken har éin fast tilsett, utanom butikksjefen, og nokre ekstrahjelper som måtte varslast om at butikken snart blir lagt ned.

På det meste var det åtte Metro-butikkar i Noreg, Metro Os er den siste som er igjen.

– Tidlegare hadde vi tilbodsavis kvar månad, som gav god respons. Den har vi mangla dei siste 2-3 åra, og det trur eg har vore medverkande til nedgangen. Eg har prøvd å marknadsføra butikken på andre måtar, men tilbodsavisa har vist seg å ha vore vanskeleg å erstatta.

– Mannfolka har halde butikken oppe

Gjerde veit ikkje kor lang tid det vil ta å tømma butikken for varer.

– Salsarealet er på nesten 500 kvadratmeter. Butikken er fylt med varer, i tillegg har vi nokre sesongvarer på lager, så det vil nok ta litt tid.

Utvalet er variert, frå verktøy, hage- og fritidsutstyr til småmøblar og lampar.

– Verktøy og malarutstyr har vore viktigaste varegruppa, det er mannfolk som har lagt igjen mest pengar her.

– Det har gått jamt på det andre, frå pynt og småmøblar til lampar og hagemøblar. Vi har ein lågprisprofil, men vi har òg merke i høgare prisklassar. Men det er mannfolka som har halde omsetnaden på eit stabilt greit nivå i fleire år, seier Olaug, som ikkje får runda av til pensjonisttilværet heilt slik ho hadde planlagt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.