Kultur | 17. sep. 2009

"Snik-slepp" på jam

I kveld, halvannan veke før plateslepp, stiller ORBO & The Longshot opp på jam på Os.

"Snik-slepp" på jam
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. sep. 2009 12:19

Singelen "Rock & Roll City" blei gjeve ut digitalt for nokre veker sidan, og segla raskt opp på 50. plass på iTunes. Som B-lista på P1 går den tre-fire gongar for dagen på radio.

- Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar på denne, så dette platesleppet blir noko for seg, trur Ole Reinert Berg-Olsen.

Måndag 28. september slepp ORBO & The Longshots sitt fjerde album, Masquerade. Fredagen i forkant skal dei på God Morgen Norge på TV 2, sundag 27. september blir det sleppefest i nye dimensjonar.

- Vi har spelt mykje i Bergen, men aldri før på Ole Bull Scene, som vi har booka til sleppefesten. Ole Bull Scene er noko for seg, meir romsleg, og ein plass eg alltid har hatt lyst til å spela.

På jam i kveld
ORBO har mange fans i Os, og dei som ikkje klarar å venta på sleppefest og plateslepp kan få ein forsmak i kveld. Torsdag kveld skal nemleg bandet på øving i Fjellheim, og etterpå går turen vidare til Osøyro og jam.

- Torsdagane er fine kveldar å gå ut på Os, med quiz på Opus først, og så jam på Bar2Be.

Ole har vore på torsdagsjam nokre gongar før, for nokre veker sidan spelte han trommer ein heil kveld. Men i kveld tar han med seg heile bandet, så då blir det gitar og vokal.

- Det blir ikkje noko slepp av plater, men vi kjem til å spela tre-fire låtar, så det blir første høve til å høyra fleire nye låtar enn "Rock & Roll City".

I tillegg jobbar ORBO med konsert i Os ikkje så lenge etter platesleppet.

- Det blir ein gong før jul, i Fjellheim, men dato er ikkje bestemt, fortel han.

Her kan du høyra "Rock & Roll City".

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.