Snill start på nytt år
Det skumlaste som skjedde i Os nyttårsaftan var det ungane som sto for. Her er nokre av bukkane vi hadde på besøk.


Hagen ser litt herja ut og akebrettet ligg kanskje borte hos naboen, elles har både vinden, regnet, feiringa og fyrverkeriet vore snille med Os i natt.
- Det ser ut til å ha vore ei lovlydig feiring, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Ole Geir Magnussen.
- Vi har verken fått melding om brann eller bråk. I 21.30-tida fekk vi tips om mogleg promillekjøring og stoppa ein Ford full av ungdomar. Men sjåføren var edru og hadde papira i orden.
Midtsiden bruker årets første artikkel til å visa nokre av nyttårsbukkane som var på besøk i går kveld.
Tradisjonen med å gå bukk varierer ein del frå plass til plass, enkelte krinsar og kommunar går ungane julebukk 2. juledag medan foreldra går nyttårsbukk (eller "tullebukk") med eit tomt drammeglas nyttårsaftan. Andre plassar går ungane julebukk på vilkårleg dag mellom jul og nyttår.
I Varåsen har vi ikkje sett julebukkar eller tullebukkar, men nyttårsbukkar hadde vi rundt 40 av på døra frå klokka 16 til 19 i går.