Lokal | 28. feb. 2020

Snittmåling og mobilsnakk på Lepsøyvegen

Politiet stoppa tre bilistar torsdag.

Snittmåling og mobilsnakk på Lepsøyvegen
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. feb. 2020 08:53

Torsdag formiddag, klokka 11.20, møtte politiet ein bilist på Lepsøyvegen som prata i mobiltelefon mens han køyrde.

– Patruljen stoppa vedkomande, ein mann i 60-åra, og delte ut forelegg på 1700 kroner og to prikkar på førarkortet, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Tatt i snittmåling

Litt før midnatt, klokka 23.50, gjennomførte dei ei snittmåling i ei 50-sone, også det på Lepsøyvegen.

Bilen blei målt til 63 km/t, noko som kvalifiserte for 3.800 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Stoppa på veg til verkstad

Klokka 13.50 stoppa politiet ein bil som skulle vore EU-godkjent i fjor.

Bilførar kunne visa til verkstadtime klokka 14.30 same dag, og fekk køyra vidare, men med pålegg om å lata bilen stå om den ikkje no blei godkjent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.