Næringsliv | 02. mars 2010

Snø = god butikk?

Vi har spurt sju bedrifter i Os sentrum om korleis den kalde kvite vinteren har påverka drifta.

Snø = god butikk?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. mars 2010 11:48

Bildeserie:

1 av 6

Frå draumestart på vinteren og kvit jul til sprengfrost i januar og meir snø og stabil kulde i februar. Sjølvsagt har salet av akebrett vore godt, men har den stabile vinteren samla sett hatt stor innverknad på omsetnaden?

- Romjula og starten på januar var travel for oss rørleggarar, med ventelister på folk med frosne rør. Den siste tida har ikkje dette vore problem, men kjem mildvêret brått så kan kulda slå ned i bakken og hovudvassledningar frysa, seier Østein Engevik frå Engevik Rørleggerservice.

Mildvêr ventar uansett både rørleggarar og andre i byggebransjen på.

- Fleire prosjekt står på vent grunna frost, og ein del entreprenørfirma tar i desse dagar folk ut i permisjon. Når ikkje dei kan grava i bakken er det fleire handverkarar som får rolege dagar.

Flatt batteri - og litt nostalgi
På Statoil sin verkstad har det ikkje vore spesielt travelt sjølv om vegane har vore glatte.

- Vi har selt bra med vinterdekk denne sesongen, men det er andre varer som har auka mest. Batteri og termostatar har gått unna som aldri før, seier Nils Øyvind Eidsvik.

Hos S. Tvedt har det gått unna med snømoker og leikar.

- Eg fekk inn 60 moker torsdag ettermiddag, fredag formiddag selte eg den siste, fortel Tove Tvedt Skarstein.

Søstera Sigrid på leike- og hobbybutikken Yes! Vi leker seier mange sit inne med hobbyarbeid om vinteren.

- Saman med snøleikar har hobbyvarene selt godt i vinter. Ei vare vi har bestilt påfyll av fleire gongar er den gamaldagse skihopparen. Om det er fedrene eller ungane som ønskjer seg den, veit eg ikkje, men det er nok litt nostalgi over det, seier Sigrid Tvedt.

- Få meg vekk
Snøen var kjærkomen til jul, men allereie i januar, då temperaturen kraup ned til 20 minus, var det fleire som hadde fått nok.

- Det har blitt ein del spontanturar, folk som flyktar til varmare strøk, seier Jelena Lunde hos Travelnet Os Reisebyrå.

- Men mange vil også ha noko litt varmare å sjå fram til, som ein tur til Roma eller Barcelona i april. Norwegian har sett opp nye direkteruter til desse og andre populære storbyar i Europa.

Lunde fortel også at fleire vil på cruise, særleg i Middehavet, og dei som skal til Syden til sommaren, og har tre ungar eller fleire, snart bør sikra seg plass.

Frisk på glatten
Hos Apotek 1 på Os har det ikkje vore spesielt høgt sal av varer som har med forkjøling å gjera, men enkelte andre varegrupper har merka kulda godt.

- Kuldekrem var vi faktisk tom for i delar av januar, og broddar til å ha rundt sko har vi selt utruleg mange av.

- Vi er faktisk litt imponert over kor modige eldre folk er med å bevega seg utandørs på glatten, seier Randi Solberg og Anne Elisabeth Hjelle.

Sportsleg opptur
Sjølv om snømengda ikkje var stor på fjellet før no nyleg, gjev snø i låglandet som vanleg godt sal av vintersportutstyr.

- Dei som vanlegvis reiser på fjellet handlar jamleg, forskjellen når vi får så mange veker med snø i heimbygda er at no skal alle ha ski akebret og skeiser, seier Rune Rosvold.

Han fortel at spesielt akebrett og enkelte storleikar skistøvlar har vore vanskeleg å få tak i nok av. Hos G-Sport har dei det ganske likt.

- Vintervarer og ull går unna. Det vi ikkje sel like mykje av er løpesko. I februar byrjar ofte sesongen for dei som joggar eller syklar, men desse varene blir det litt mindre sal på, seier butikkesjef Anders Dale.

- Men vi er nøgd med januaromsetnaden, som er høgare enn rekordåret 2009, legg han til.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.