Lokal | 07. nov. 2019

Snø på Møsnuken

Måndag kan det òg koma snø i låglandet i Os.

Snø på Møsnuken
Linken, Tøsdalsfjellet og Møsnuken i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. nov. 2019 07:58

Etter nokre dagar med minusgradar kom det nedbør onsdag ettermiddag.

Dei fleste plassane i Osbygda landa det som regn, men i dag er det kvitt frå Linken (479 moh) til Møsnuken (640 moh).

Også på Borgafjellet (353 moh) ser det litt kvitt ut.

Det er ikkje venta meir nedbør før måndag ettermiddag. Då vil den truleg koma som snø også i låglandet i Os.

Kald og solrik helg

Torsdag er det meldt overskya og 3-4 gradar.

Yr melder 3-4 gradar også gjennom fredagen.

Men Storm spår kaldare vêr, 1 minusgrad frå torsdag kveld, 3 minus i natt og 2-3 minus gjennom morgondagen.

Både fredag og laurdag er det meldt skyfri himmel, 2-3 m/s vind og rundt 0 gradar på dagtid.

Søndag skal òg bli lettskya og solrik. Finvêret held seg fram til det byrjar å skya til etter lunsj måndag.

Utover veka er det venta 3 gradar og overskya, truleg med noko nedbør. Det betyr at det kanskje nærmar seg sesongopning i alpinanlegga nærmast Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.