Lokal | 24. feb. 2010

- Snøen slår oss

Os kommune ber publikum vera tålmodige. Bilistar ber både andre bilistar og fotgjengarar vera varsame.

- Snøen slår oss
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. feb. 2010 15:18

Snømengda som har kome dei siste dagane skapar saman med snøen som ligg frå før store utfordringar for både trafikantar, mjuke trafikantar og brøytemannskap i Os.

- Os kommune sitt mannskap kjører no saman med innleigd mannskap så mange timar med brøytebil som det er forsvarleg å kjøra, seier teknisk sjef Haldor Fosse.

- Likevel klarar vi ikkje ta unna så fort som vi skulle ønskt. Vi ber om forståing for at vi ikkje har kapasitet til å få unna eit snøfall som dette, legg han til.

Må kjørast vekk
Kommunen brøyter og ryddar etter fast prioritering, og kjem til kvar plass og kvar oppgåve så fort dei kan.

- Når det no har kome så mykje som det har gjort dei siste dagane er det ikkje lenger mogeleg berre å brøyta ut til sidene. Vi må lessa opp snøen og kjøra den vekk. Derfor tar det mykje lenger tid enn normalt, forklarar han.

Farleg skuleveg
Nå fortaua ikkje kan brukast og vegane er smalare enn vanleg treng bilistane å vera meir varsame. Tysdag fortalte ein fortvilt mann som ringte Midtsiden.no om mangelfull brøyting på fortaua i Halhjemsmarka.

- At 6-åringar skal gå heim frå skulen, midt i vegen, held ikkje. Trygg skuleveg burde vore prioritert, meiner innringaren.

Uansett, snøen ligg der, og bilistane bør vera ekstra varsame og førebudd på å møta små og store fotgjengarar.

Høge brøytekantar = dårleg sikt
Med meir brøyting blir brøytekantane høgare og sikta mange stadar svært dårleg.

- Eg kom nettopp kjørande forbi krysset mellom Byvegen og Idrettsvegen. Der kom nokre fotgjengarar rett ut av snøen og ut i fotgjengarfeltet. Eg måtte fløyta for å få vedkomande til å stoppa, for eg klarte ikkje å stoppa bilen på så kort varsel, fortel ein annan innringar.

Ho meiner både bilistar og fotjengarar bør vera merksame på at dårleg sikt gjer det vanskelegare å halda vikeplikta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.