Snubla i snarvegen
– Det var mykje kø i rundkjøringa, forklarar føraren.


Tysdag ettermiddag hamna ein bil i grøfta i krysset mellom Byvegen og Gudriflaten.
– Vi har fått melding om utforkjøringa og er på veg til staden, fortel politiet.
Det kunne sjå ut som om føraren har vore på veg ut frå Gudriflaten og hatt problem med å velja om han skal til Eikelandsosen eller Bergen. Forståeleg nok, når du er i Os er kanskje ingen av dei to gode erstattarar.
Men utforkjøringa skuldast snarare eit feil val enn eit vanskeleg val.
– Eg kom frå Os og var på veg på jobb i Vartun. Då eg såg at det var mykje kø i rundkjøringa ved Meny tenkte eg at eg skulle ta ein snarveg, fortel føraren til Midtsiden.no.
– Eg har gjort det før, men no er det nokon som har kjørt opp nokre spor her, så i dag gjekk det ikkje, humra han, på veg til å festa eit slepetau i den store varebilen.
Midtsiden kjem tilbake med politiet sin reaksjon.