Sport | 14. nov. 2015

Snublande nær

Eit feilskjær øydela 5000 meteren for Sverre Lunde Pedersen i Calgary fredag kveld. – Betyr ingen verdens ting med tanke på kva som har skjedd i Paris, seier han sjølv.

Snublande nær
Sverre Lunde Pedersen (arkivfoto: Sander Hvammen)
Andris Hamrelørdag 14. nov. 2015 08:29

Rett før midnatt norsk tid gjekk Sverre Lunde Pedersen sesongens første verdscupløp då han i siste par på 5000 meteren gjekk mot suverene Sven Kramer.

Sverre pressa den suverene verdseineren frå start.

– No er Kramer irritert på Sverre, kommenterte NRK sin ekspertkommentator Even Wetten etter fire og ei halv runde.

Kramer auka farta meir enn Wetten trudde han eigentleg ønskja i eit forsøk på å rista av seg Sverre, som då gjekk på rundetider rundt 29,0.

Nær fall

I utgangen av den første svingen på den tiande runden får Sverre eit feilskjær som gjer at han er nær på å falle. Sverre stivnar og er sjanselaus på å halde tidene nede. Frå jamne 29-runder sprett tida opp i 30.7, 32.1, 34.3 på dei tre siste rundene.

– Her er det ikkje snakk om å mista ti-deler, vi snakker sekunder i høve andreplassen, kommenterte Wetten etter at Sverre gjekk inn til 6.17.53 og ein sjuande plass.

– Betyr ingenting

Vann gjorde Sven Kramer foran Jorrit Bergsma og Ted-Jan Bloemen. Sverre set sjølv løpet i eit større perspektiv.

– Eit feilskjær betyr ingen verdens ting når eg les om kva som har skjedd i Paris. Heilt forferdeleg, kommenterer han på twitter og facebook.

Fekk sine første verdscup-poeng

Halvt osing Sindre Henriksen fekk i same løp sin verdscupdebut då han gjekk i b-pulja.

Sindre gjekk eit jamnt løp med høge 30-runder. Med tida 6.24.33 gjekk Sindre inn sine første 11 verdscup-poeng og forbedra sin personlege rekord med nesten 23 sekund.

Verdscupen held fram med jaktstart laurdag og 1500 meter søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.