Snudde kampen på ein dårleg dag
Lysekloster låg under to gongar og sleit hardt mot Lyngbø. Likevel blei det full pott.
Laurdag ettermiddag tok Lysekloster imot Lyngbø til 18. serierunde.
På bortebane blei det 3-2-tap, også i dag var Lysekloster nær på å gå poenglaus av banen.
Lysekloster - Lyngbø 3-2 (0-1)
Målskårar: Steffen Finsådal (53.), Thomas Helland (67.) og Preben Borgen (80.). Jonas T. Hesvik skåra begge måla til Lyngbø (31. og 55.).
Gule kort, Lysekloster: Thomas Helland, Aleksander Andersen og Preben Borgen
Lysekloster (4-3-3): Chris S. Midtun - Baste Jonassen, Tore Valvik (Mattias Høiland 63.), Aleksander Andersen, Sigve Rørstad - Simen Birkelund, Preben Borgen, Martin Eidsvik (Steffen Finsådal 45.) - Johannes Jordal, Endre Hansen (Stefan Bernsen), Thomas Helland.
Heimelaget opna greit og Thomas Helland hadde skot på mål i første speleminutt. Men dei første 15-20 minutta av kampen var det Lyngbø som styrte showet og skapte dei største sjansane.
I 31. minutt, ti minutt etter at Lysekloster hadde byrja å få til meir, hadde sjansar og fleire cornarar, kom gjestane på ein overgang og sette inn 0-1. Minuttet etter var dei nær på å auka til 0-2, men ballen gjekk rett utanfor.
Fredrik F. Nillsen på Lyngbø og Thomas Helland fekk gult kort i første omgang, begge for munnbruk.
To utlikningar etter pause
Steffen Finsådal, som kom for seint til kamp grunna jobb, blei skifta inn for Martin Eidsvik i pausen. Finsådal brukte 8 minut på å få ballen i mål.
Lysekloster hadde ein dobbeltsjanse i 48. minutt, der ein forsvarsspelar redda skot av Endre Hansen på strek og keeper redda returen.
I 53. minutt blei det corner og her var Finsådal klart høgast i feltet og heada inn 1-1.
Men to minutt seinare var det corner til Lyngbø og Jonas T. Hesvik sette inn sitt andre for dagen.
Thomas Helland klinte til i 65. minutt, men ballen gjekk utanfor. To minutt seinare fekk han ein ny sjanse og banka inn 2-2 på halv volley.
Brente sjansar av gjestane
Lyngbø heldt fram med temposterkt offensivt spel. På Kuventræ slo dei Os 1-2 og også Lysekloster var i store delar av kampen for svake i duellane og for sein med å vinna igjen ballen.
Gjestane hadde raid med skot rett over mål fire gongar i andre omgang, og fekk seks frispark på Lysekloster sin banehalvdel etter pause. Fleire av frisparka i første omgang kom etter at Lysekloster-spelarar klatra på motspelar for å vinna hovudduellar.
Baste Jonassen redda ein ball på strek, som Lyngbø meinte var over mållinja, og i siste spele-sekund heada Lyngbø rett utanfor lengste stolpe på corner.
I forkant hadde Preben Borgen sett inn ein retur etter ny heading av Finsådal, og 3-2 sto seg dei siste ti minutta og fram til dommaren bles av.
Alle topplaga vann
Serieleiar Odda vann 4-2 borte over Vadmyra i dag og Sotra held seg på 2. plass etter 3-2 over Bjarg.
Lysekloster er likevel med i toppen etter full pott i dag og har 35 poeng mot Odda sine 41 og Sotra med 39.
Os speler 18. runde heime mot Fyllingsdalen 2 i morgon, og har 27 poeng før kampen.