Etter tap i alle dei tre første seriekampane tok Os 2 i dag imot Minde, som starta sesongen med to tap før møtet med andrelaget til Os.
– Det var i grunn mot spelets gang at vi tapte begge dei to første. Tredje motstandar, Solid, var sterke, men den kunne like fint ha enda 4-4, seier Os 2-trenar Ørnulf Jacobsen om den poengfattige seriestarten.
Men i dag var det mindre motstand og endå betre utteljing.
– Vi har spelt fint og hatt god innsats i dei andre kampane òg, men i dag var det maksimal tenning og knallhard jobbing kampen ut.
– Det er kjekt å sjå spelarar frå A-troppen yta maksimalt for andrelaget, og å sjå unge Kasper Færøvik (15), som er så stødig i mål og tar så mange gode val når han set i gang spelet.
Os 2 - Minde 12-0
Målskårarar, Os 2: Håvard Grøteide 3, Emil Halver 3, Sander Kvittingen 3, Kenneth Gjerde 2 og Adrian Valle.
Andrelaget hadde med fleire frå A-troppen i dag, og spelte med Børge Borgen, Håkon Kvittingen, Ørjan Glesnes og John Ole Johannessen frå start. Kvittingen måtte ut med skade i pausen.
Venstreback Håvard Grøteide var den første til å nå tre skåringar, den siste på eit praktfullt frispark over muren og rett i vinkel.
Emil Halver sette inn sitt andre og tredje på 7-0 og 8-0 før Kenneth Gjerde skåra sitt andre for dagen på 9-0.
Sander Kvittingen, som fylte 18 år i går, sette inn 3-0, 11-0 og 12-0. Han sendte også eit skorpionskot hardt av garde, men det som kunne blitt årets skåring på Kuventræ gjekk rett utanfor.
Os 2 (4-3-3): Kasper Færøvik - Ørjan Glesnes, Børge Borgen, John Ole Johannessen, Håvard Grøteide - Anders Kinden, Håkon Kvittingen, Adrian Valle - Kenneth Gjerde, Emil Halver og Sander Kvittingen.
Innbytarar med speletid: Mathias Rød Lund, Isak Røen, Lars Erik Lunde, Aksel Skår og Knut Haga.
Os 2 klatra med det frå 12. til 9. plass på tabellen og har like god målforskjell som Trott på 2. plass.
Lysekloster 2 spelte sesongens første poenglause kamp då dei tapte 3-2 borte for Ny-Krohnborg i kveld.