Lokal | 24. des. 2014

So long, Songa Dee

Etter tre veker utanfor Os gjekk det nest flottaste julatreet i bygdo tysdag ut fjorden.

So long, Songa Dee
Songa Dee har veksla litt posisjon i fjorden, her nærmare Os måndag ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. des. 2014 08:28

Etter å ha lagt på vêret sidan 7. desember blei det i går klart for at riggen Songa Dee kunne gå i retning Gullfaks-feltet for å koma i drift igjen.

Les òg: – Håper å koma oss ut til jul

Rundt 80 mann var nær på å få feira jul i Bjørnafjorden, og riggen låg med alle lysa sine som ein god stemningsskapar utanfor Os, som det finaste julatreet etter lysa i masta på Borgafjellet.

I 22.30-tida passerte riggen fyret på Røtinga i Øyane, rundt midnatt gjekk den forbi Marstein fyr og snudde nasa mot nordvest og Gullfaks.

Riggen har lagt i ly i Bjørnafjorden i 22 dagar etter klassing i Skottland, men blir snart operativ igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.