Sport | 11. juni 2017

Sofie blei Hordameister

Sofie Evensen med «outstanding» 350 poeng og 55 tiarar då ho blei Hordameister i skyting for eldre rekrutt.

Sofie blei Hordameister
Sofie Evensen blei hordameister søndag (arkivfoto)
Andris Hamresøndag 11. juni 2017 14:09

Skyttarane frå Os skyttarlag har gjort det skarpt i helgas hordameisterskap. Skarpast av dei alle Sofie Evensen som kom til finalen med 250 poeng og fullt hus. Det same hadde fire andre i finalen, men i den var det berre Sofie som satte alle dei ti finaleskota i tiaren.

Finalesigeren toppa ei god helg for ungjenta.

– Dette var ein flott finale etter å ha blitt toar i lagskytinga med Markus (Johannessen, journ.mrk) og Amalie (Evensen, journ.mrk) på laurdag og tidlegare i dag med siger i samlagsskytinga saman med blant anna Markus, skriv Anstein Eidsvik på skyttarlaget si heimeside.

Markus Johannessen hadde sine beste seriar både i lag- og samlagsskytninga. Dei to befesta med det sine plassar til samlagsskytinga på årets landsskytterstemne i Førde.

100 også på Amalie

Storesøster Amalie Evensen, som no skyt junior, låg også i finalen under hordameisterskapet.

– Ho endte som nr fire etter 100 i finalen i dag og 348 samanlagt. Tidlegare i dag hadde ho 99 på samlagsskytinga på Hordaland sitt andrelag, men ingen av Hordalandsjuniorane klarte noko betre. Det viser at dei som skal plukke ut dei fire som skyter i Førde, skriv Eidsvik.

Sofia med sterk andreplass

Berre for å toppe innsatsen frå skyttarane frå Os skaut Sofia Dale seg inn til ein andre plass i rekrutt klassa.

– Med 248 i går hadde ho skive 2 i dagens finale i rekrutt. Ho leverte varene også her med 99 i finalen, men det hadde også han på skive 1, så då blei det «status quo» og andreplass til slutt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.