Lokal | 24. nov. 2018

Søk etter sakna mann og båt

Har du sett denne båten på fjorden?

Søk etter sakna mann og båt
Jan Rydheim er sakna etter at han i 12-tida fredag skulle kome til land på Hjellestad i denne båten. (Foto: Privat/Politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 24. nov. 2018 14:02

Hovedredningssentralen søker med store ressursar etter ein sakna båt med båtførar.

– Båten er av typen «Paragon» 31 fot, og skulle gå frå Sandnessjøen til Hjellestad, med venta ankomst klokka 12 fredag 23. november, opplyser politiet i ei pressemelding.

Båtførar er 56 år gamle Jan Rydheim. Sakna har lang erfaring på sjøen.

HRS leiar søk i sjø. Dette har til no ikkje gitt resultat. Det er no starta strandsøk i Austrheim, med frivillige, leia av Vest politidistrikt.

– Opplysingar i saka kan rettast til HRS på 51646000 eller Vest politidistrikt på 02800.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.