Næringsliv | 19. sep. 2022

Søker etter nokon som kan ta imot steinmassar

Fylkeskommunen får 300.000 kubikk dei må kvitta seg med.

Søker etter nokon som kan ta imot steinmassar
Steinmassane kjem frå delprosjektet Slettebrekka–Hetlevik på Askøypakken. (Foto: Vestland fylkeskommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. sep. 2022 08:08

Sprengingsarbeidet på ny fylkesveg mellom Slettebrekka og Hetlevik på Askøy vil resultera i at fylkeskommunen sit igjen med inntil 300.000 kubikk med steinmassar.

Massane som blir henta ut på prosjektet er ein bergart som heiter middelskornet gabbro, og er eigna som fyllmasse.

Steinmassane utgjer i volum rundt 30.000 lastebillass.

– No vil prosjektgruppa gå i dialog med ein eller fleire aktørar for å finna mest mogleg samfunnsnyttig bruk av steinmassane, skriv fylkeskommunen.

Interessentar som ønsker å kvalifisere seg for overtaking av overskotsmassar må melda interesse saman med skriftleg melding. Fristen for å melda interesse er 30. september.

Bygginga av den nye fylkesvegen startar hausten/vinteren 2023. Sprengingsarbeidet skjer over ein periode på to år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.