Sport | 29. aug. 2014

Søker fleire spelarar

Os Wolverines håper å kunne melde på eit U15-lag i nasjonal serie, men treng fleire spelarar.

Søker fleire spelarar
Os Wolverines inviterer til ope trening på Kuventræ larudag (privat foto)
Andris Hamrefredag 29. aug. 2014 14:29

Laurdag frå 15-18 inviterer Os Wolverines til open trening i amerikansk fotball på Kuventræ.

– I dag er vi 8-10 juniorspelarar. Skal vi klara målet om å stille lag i den nasjonale U15-serien til neste år så treng vi nok ein tropp på omlag 25 spelarar.

– Difor inviterar vi alle som har lyst å prøve amerikansk fotball til trening på Kuventræ laurdag.

– Treninga er for både juniorar og seniorar, men juniorane avsluttar i klubbhuset med pizza og brus frå klokka 18, reklamerar Alexander Brinchmann-Hansen, trenar og leiar for Os Wolverines.

Samarbeider med skulane

Amerikansk fotball passer for alle frå 11 år og oppover fortel trenaren.

– Då har dei fleste utvikla auge/hand-koordinasjonen rimeleg bra.

I vår arrangerte gruppa flaggfotball då elevene ved Os ungdomsskule hadde idrettsdag på Kuventræ.

– Det kjem vi til å gjera fleire gonger.

– Vi skal allereie no i september ha fleire gymtimar, mellomanna på Os skule, fortel Brinchmann-Hansen.

– Er kanon-nøgde

Wolverines fekk i vår tildelt 30 000 kroner frå dei kommunale KUP-midlane til innkjøp av utstyr til juniorgruppa.

– Dette har vi no fått på plass og er kjempenøgd med.

– Dei som kjem på laurdag skal få testa utstyret, og få prøva seg i dei forskjellige posisjonane på banen.

– Trenarar er fleire av os-spelarane som var med og vann 2. divisjon med Åsane tidlegare i år, så kompetansen i trenarapparatet er god, avsluttar Brinchmann-Hansen med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.