Nav Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Søkjarliste: Desse vil bli sjef i Nav Bjørnafjorden

Fekk 7 søkjarar på 2 veker, men berre éin av dagens leiarar har søkt på sjefsjobben.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I samband medkommunesamanslåing av Os og Fusa frå 1. januar 2020 er det lyst ut ledig stilling som leiar for NAV Bjørnafjorden (Os og Fusa) og statleg leiar for Region Midthordaland, som omfattar kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll.

Prosessen har til no vore kort, stillinga blei lyst ut 14. januar i år, søknadsfristen var to veker seinare, 28. januar.

Midtsiden har fått innsyn i søkjarlista, som inneheld 4 menn og 3 kvinner, 4 med namn og 3 anonyme.

Desse har søkt på jobben:
Magne Djuvik (63) frå Fusa. Einingsleiar.
Toralf Mehammer (57) frå Os. Leiar/prosjektleiar.
Line Naterstad Solheim (42) frå Rosendal. Avdelingsleiar.
Dorthea Vik (53) frå Hagavik. Tolk/leiar.
Mann 47 år.
Mann 60 år.
Kvinne 42 år.

Magne Djuvik er i dag leiar for Nav Samnanger. Verken leiar for Nav Os, Sissel Stuberg, eller Nav Fusa, Anita Nilsen, ser ut til å ha søkt på stillinga.

Bjørnafjorden kommune har søkt i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten prosjektleiar for etablering av NAV-kontoret. Prosjektleiar si oppgåve blir først å leia prosjektet som fører fram til felles organisering av NAV-tenestene frå og med 01.01.2020.

Prosjektleiar blir så leiar for NAV Bjørnafjorden og statleg leiar for Region Midthordaland, som omfattar kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll.

Blir først tilsett i Os kommune

Det er utarbeidd retningsliner for prosjektarbeid både i statleg og kommunal line som skal følgjast, og det er vektlagt stor grad av medråderett og medverknad frå tilsette.

Det er semje mellom Arbeids- og velferdsetaten og kommunane at prosjektleiaren og seinare leiaren for NAV Bjørnafjorden skal ha kommunalt tilsetjingstilhøve. Prosjektleiar blir formelt tilsett i Os kommune og overført til Bjørnafjorden kommune frå 1. januar 2020.

Os kommune ønskjer ny leiar i jobb så snart som mogleg, helst frå 1. april i år.

Fleire saker