Søkte med hund etter brann på Særvoll
Brannvesen og politi rykte ut på brann i trelast natt til fredag.
I 2-tida natt til fredag kom det melding om brann eller bål i Særvollsvegen.
– Det var ei avstandsmelding. Då vi kom fram viste det seg å vera brann i ein stabel med materialar.
– Ein nabo hadde gjort forsøk på å sløkka brannen, og tømt to pulverapparat over flammane, men det hadde begrensa effekt, fortel Martin Østgulen frå Os brannvesen.
Brannen var nær ei gravemaskin på eit område med fleire næringsbygg, men blei hindra i å spre seg.
Hundepatruljen søkte i området
Då politiet kom til staden var det med hundepatrulje.
– Det blei søkt i området, utan resultat, men vi oppretter sak på brannen og er interesserte i tips, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.