Lokal | 05. juni 2019

Søkte om 90.000 - fekk 50.000

Formannskapet: Søfteland Turn & Idrettslag er 100 år i år - dette skal markerast med open dag 14. september.

Søkte om 90.000 - fekk 50.000
Søfteland Turn & Idrettslag er 100 år i år - dette skal markerast med open dag 14. september. I går løyvde formannskapet 50.000 kroner til markeringa. Her frå friplassen som opna i 2015. (Foto: KVB) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 05. juni 2019 07:30

Søfteland Turn & Idrettslag (STIL), blei stifta 25 januar 1919, dette ynskjer laget å markera med ein open dag 14. september.

Til gårsdagens møte i formanskapet låg ein søknad pålydande 90.000 kroner på bordet til politikarane.

Heller fest for alle enn berre for dei vaksne

STIL skriv i søknaden sin at heile bygda vil bli invitert til å delta i feiringa med aktivitetar og underhaldning. Dette vil gå føre seg på Søfteland barneskule sin skuleplass.

I staden for ein «fest for vaksne», vil laget markera med ein fest for alle. Sjølv om dei får noko sponsing og det vert arbeida på dugnad, ba STIL om 90.000 kroner i støtte frå Os kommune til arrangementet, med grunngjeving at det ikkje skal bli kostnader for gjestane, og at STIL ikkje brukar eigne midlar som elles skal gå til idrettsaktivitetar.

Ja til støtte frå administrasjonen

I innstillinga frå administrasjonen stiller kultursjef Lisbeth Axelsen seg positiv til søknaden;

«At klubben ynskjer å markera jubileet sitt på denne måten, er eit flott tiltak. Det vil fremma fellesskapet i laget på tvers av alder, og kan også inspirera fleire unge til å begynne med idrett/aktivitetar. Vi har ikkje nokon oversikt over kven som har fått kva i slike høve, anna enn ei gåve på års-markeringar. Det er heller ikkje ofte vi har lag som blir 100 år, så ei løyving i denne saka vil nok ikkje laga nokon presedens for mange saker i nær framtid.»

Ja -men ikkje 90.000,-

Før politikarene køyrde debatt om søknaden, ville Ståle Skaatun (H) veta om han var å rekna som inhabil i saka;

– Eg eg medlem i laget, trenar i laget og hovudsponsor, sa Skaatun, og rygga seg sjølv og stolen han sat i godt ut frå bordet.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) svara med å resonnera seg fram til at korkje av desse engasjementa til Skaatun kvalifiserte han til å vera inhabil, noko resten av formannskapet stilte seg bak.

Med Skaatun attende rundt bordet kunne Søviknes fortelja at han og resten av gruppa meinte at nokre av enkeltpostane i søknaden kanskje var litt vel høge, og at ei støtte på 90.000,- kanskje kunne skapa litt presedens i andre saker i framtida. Han la difor eit forslag om at STIL skulle få innvilga 50.000 kroner til markeringa.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) kunne opplysa at han hadde tenkt akkurat dei same tankane. Han hadde òg landa på nøyaktig same tanken som Søviknes og Frp om at 50.000 kroner var eit meir riktig beløp.

Med det sagt gjekk formannskapet samrøystes inn for å støtta 100-årsmarkeringa til Søfteland Turn & Idrettslag med 50.000 kroner. Pengane skal hentast frå formannskapets disposisjonsfond.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.