Sol i 10 dagar!
Det er meldt sol så lang auget ser, og temperaturen skal stiga fram mot festivalhelga om ei veke.


Måndag opnar Skulptursymposiet, torsdag startar Marknadsdagane og fredag er det opning av Osøren Blues & Jazzfestival.
No er det meldt skyfri himmel til laurdag (i morgon) og delvis skya og opphaldsvêr dei neste dagane, til og med onsdag. Ifølgje langtidsvarselet til yr.no skal det så bli skyfri himmel og lett bris.
Temperaturane skal auka frå 13-14 i helga til 15-17 i veka og opptil 20 varmegradar neste helg.
Det er ikkje sjeldan vare med fint vër under Marknadsdagene, men opphaldsvêr på St. Hans (23. juni) er noko vi vestlendingar bør setja pris på tysdag!
SJÅ VÊRMELDING FOR OSØYRO DEI NESTE 10 DAGANE