Lokal | 08. sep. 2009

Sol i sikte!

Det ser ut som om kulingen tysdag har blåst drittvêret vekk. Men har det verkeleg vore våtare og kaldare enn normalt?

Sol i sikte!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. sep. 2009 22:43

Det er venta 3 mm nedbør onsdag og torsdag og 9 mm fredag, men så skal det letta.

Laurdag skal det bli 0,3 mm nedbør og lettskya, og frå sundag og ut neste veke er det meldt skyfri himmel og mellom 16 og 17 varmegradar.

Sjå vêrmelding for Osøyro

Tørr og varm sommar
Etter nærmare 30 varmegradar i slutten av juni og dei tre-fire første dagane i juli blei det kaldare og meir ustabilt. Og dette var det siste vi såg til skikkeleg sommarvêr.

Men ifølgje målestasjonen som ligg nærmast Os, på Flesland, 17 km unna, var juni og juli både varmare og tørrare enn normalt.

I juni kom det rundt 43 mm nedbør, mot normalen på 106 mm. I juli kom det 111 mm mot normalen på 121 mm.

Også temperaturane var meir sommarlege enn normalen, 12,8 mot normal 12,1 i juni, 16,1 mot normal 13,3 i juli.

Ingen reddande seinsommar
For dei som trass i varm og småtørr statistikk for juli hadde håpa på ein fin seinsommar, blei nok august skuffande.

Også denne siste sommarmånaden var varmare enn normalen, med snittemperatur på 14,9 gradar mot normalen på 13,3.

Men august var våt, våtaste månaden sidan november 2008, med 194 mm, mot normalen for august på 155 mm.

Her er nokre toppmålingar denne sommaren (juni, juli og august)
Høgaste målte temperatur: 29. juni, 29,5°C
Lågaste målte temperatur: 17. juni, 3,1 °C
Mest nedbør på eitt døgn: 16. august, 28 mm
Sterkaste vind: 20 august, 12,9 m/s

Kjelde: Yr.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.