Lokal | 06. apr. 2010

Søl i sundet

Brannvesenet rykte tysdag ut på melding om oljesøl i Hauglandssundet.

Søl i sundet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. apr. 2010 21:52

Tysdag morgon kom meldinga om søl i sjøen utanfor Haugland.

- Det låg ein tynn film på vasskorpa med noko som truleg var oljesøl frå ein lekkasje, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Det var ikkje så mykje søl at det blei naudsynt med tiltak, men brannvesenet registrerte tilfellet og meldte frå til Kystverket.

- Vi veit ikkje kvar dette stammar frå, men ei av ferjene skal tidlegare i påsken ha hatt lekkasje, så det kan sjølvsagt ha kome inn frå fjorden og lagt seg i denne vika, seier Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.