Lokal | 03. juli 2009

Søl og "omsegning"

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. juli 2009 00:17

Torsdag i 11-tida rykte brannvesenet ut på melding om kvitt søl i sjøen.

- Vi tok prøvar av sølet, og det ser ut som om det er fiskefett i uvanleg store mengder, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Det blir no jobba med å finna ut kvar sølet stammar frå.

Segna om ved kyrkja
Klokka 13.50 torsdag segna ei eldre kvinne om ved Os kyrkje.

- Truleg var varmen med på å få kvinna til å gå i bakken. Ho kom heldigvis raskt til hektene igjen.

Brannvesenet var "første respondent", då ambulansen var i Bergen.

Bensinsøl
I 15-tida rykte brannvesenet nok ein gong ut til området rundt kyrkja.

- Denne gong var det ein bil som hadde bensinlekkasje. Bilen sto ved Kyrkjeflaten då lekkasjen blei oppdaga, og vi rykte ut for å sikra staden og for å rydda opp sølet, seier brannsjefen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.