Lokal | 18. juli 2011

Sol og regn om kvarandre

Veka startar bra med lettskya og sol før vi går inn i ei veke med varierande vêr. Neste veke lovar bra.

Sol og regn om kvarandre
Andris Hamremåndag 18. juli 2011 10:39

Måndagen starta bra med sol frå nesten skyfri himmel og 20 grader, men frå sør sig det inn eit skylag som moglegvis innheld nokre dråpar.

Er det noko ein er oppteken av i desse ferietider er det korleis vêret kjem til å bli. Vi har lagt bak oss ei helg med tildels strålande solskinn, sjølv om sundagen også gav litt nedbør.

I følge vêrmeldingane frå yr.no og Storm.no må vi nok rekne med at det kjem nokre dråpar utover ettermiddagen måndag.

Tysdagen blir ikkje så halvdårleg, men det heilt store sommarvêret kan vi ikkje venta oss. Det er meldt overskya med mellom to og ni millimeter nedbør. Trøsta er at det meste skal kome natt til tysdag slik at dagen blir ok. Temperaturen er venta å ligge på mellom 13 og 18 gradar.

Onsdagen er den dagen som akkurat no ser ut til å bli den dårlegaste dagen i veka med regn heile dagen. Opp mot 18-19 millimeter kan vi i fylgje Storm.no rekna med.

Fram mot helga skal det igjen bli lettare.

Prognosane er meir usikre enn for dei par fyrste dagane, men torsdagen ser ut til å bli rimeleg bra med 16-17 grader og halvskya opphaldsvêr.

Neste helg blir overskya med litt regn laurdagen, men frå sundag kan vi håpa sommaren kjem.

Langtidsprognosane tydar på lettskya opphaldsvêr frå sundag til tysdag, som er så langt langtidsvarselet strekk seg. Temperaturen blir rundt 18 grader.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.