Jentefotballdagen 2016

Sol, snø og store smil på Jentefotballdagen

Video og bildeserie: Kuventræ måtte ryddast for snø før 250 jenter frå 5 til 10 år kunne boltra seg på Jentefotballdagen 2016.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag blir Jentefotballdagen arrangert for fjerde år på rad.

– Eg såg litt mørkt på det då eg vakna til snø i dag, men Osbadet var raskt på banen for å brøyta, seier Eirik André Hesthamar, ein av initiativtakarane.

Suksessen blei som tidlegare år fort fullbooka, i år tok det tre timar.

– Vi tok inn 30 av 50 på venteliste og det var berre 6 som ikkje stilte. Det gjer at vi har 251 unge fotballjenter her i dag.

Deltakarane er frå siste år i barnehage til og med 4. klasse - frå alle krinsane og klubbane i Os. Spelarane er spreidd på 22 postar ut frå alder, med 22 gruppeleiarar og fleire unde jenter frå 12 år og oppover som hjelpeinstruktørar.

– Har hatt mykje å bety

Mannen bak initiativet, Kjetil Laasby frå Søfteland TIL, seier ideen er tatt frå ishockey.

– Hockey har ein internasjonal jentedag. For oss frå Søfteland sin del handla det om å få meir lokal motstand til dei få jentelaga som var i kommunen. Eg kom i dialog med Kine Lunde frå Søre Neset og Eirik André Hesthamar frå Øyglimt og Jentefotballdagen var i gang.

I dag var det minst éin representant frå Fana IL for å sjå på rekrutteringssuksessen.

– Vi merker jo at det har hatt mykje å bety. På Søfteland har vi jentelag i alle årstrinn, bortsett frå 9-åringane som speler på miksa lag med gutar. Enkelte årgangar har fleire jenter enn gutar som speler fotball.

Laastad seier han også er opptatt av vegen vidare for jentene.

– Eg opplever at dialogen mellom klubbane i Os er betre og tettare enn før. Vi har sjølv avtalar med andre klubbar så vi kan låna spelarar av kvarandre om nokon er sjuke eller vekkreist. Dette med samarbeid og at jentene blir kjent med kvarandre for seinare samarbeid er viktig før dei kjem til ungdom- og vaksenfotball.

Jentefotballdagen held fram med fiskeburger frå Lerøy, hoppeslott, diskotek, trikseoppvising ved Sondre Aksnes og danseoppvising med Tag The Floors utover ettermiddagen.

 

Fleire saker