Sol syttande likevel?
Vêrmeldingane for nasjonaldagen blir betre og betre – og over helga blir det 18 (!) gradar og sol!
Spådomane for vêret 17. mai har ikkje sett lovande ut, men no lysnar det, i alle fall på yr.no.
Det er framleis venta nedbør på grunnlovsdagen, men berre om natta og tidleg om morgonen.
HER FINN DU PROGRAMMET FOR 17. MAI I OS
På dagtid er det meldt overskya, men opphaldsvêr og vinden skal løya frå laber bris til lett bris.
Storm trur framleis på nedbør
Det er berre meldt 5-6 gradar, men på kvelden skal det koma sol, ifølgje Yr.
Storm er ikkje like optimistiske, dei trur det kjem 2 mm nedbør på formiddagen og 1 mm på ettermiddagen.
Kjem sommaren no?
Men begge er samde i at det skal koma meir sol og langt varmare vêr!
Yr melder skyfri himmel og 14 gradar måndag, lettskya og 16 gradar frå måndag og utover veka.
Storm melder heile 18 gradar frå måndag.