Kultur | 09. juli 2011

Sola skein for Stella

Tysnesfest: Vêret blei betre enn venta, det gjorde også besøket.

Sola skein for Stella
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. juli 2011 20:55

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

– Det er godt å sjå at vestlendingar er vestlendingar, dei bryr seg ikkje om halvdårlege vêrmeldingar, seier festivalsjef Sigvard Madsen.

Tysnes kommune har 2.700 innbyggarar. Tysnesfest lokka i fjor 15.000 til øya, dei fleste kom sjøvegen.

– Det ser ut til å bli like bra i år. Eg har ikkje talet på båtar som ligg i hamna, og besøkstalet har vore veldig bra til no.

Nesten rekord

Torsdag kveld var blant anna Kurt Nilsen og Erik og Kriss på scenen, fredag sto hovudtrekkplasteret TOTO på plakaten.

– Vi hadde 4065 gjestar i går og satsar på å tangera det med Madcon og Hellbillies i kveld, seier Sigvard.

4065 er nesten tangering av rekorden DDE sette i fjor med 4100 gjestar.

Strøken laurdag

Det blei berre yr under TOTO-konserten fredag kveld, og laurdag, som skulle bli våtast, blei i periodar varm og solrik.

– Sola skein då Stella gjekk på scenen i hamna, og hamna, som har vore full før, hadde rekordmange gjestar i dag.

Først i 16-tida, då dei fleste familieaktivitetane var i ferd med å bli runda av, kom regnet.

Søndag ventar New Orleans-inspirert dagen-derpå-gudsteneste, søndagsopne butikkar og konsert med Ole Edvard Antonsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.