Lokal | 10. apr. 2020

Soloppgang med selskap?

Sånn såg himmelen ut då langfredag starta.

Soloppgang med selskap?
Ser du prikken over sola? Er det venus? (Foto: Christian Holko)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. apr. 2020 07:04

Det var ein fin soloppgang sett frå Os i dag. Christian Holko tok bilde frå Sørstrøno, og på bildet kan det sjå ut som om månen møtte sola i døra då natt blei til dag.

Men er det noko anna enn månen vi ser? Rett nok har sola større diameter enn månen, 1.392.000 km mot 1.737 km, men månen er så nær jorda at dei to ser like store ut. Det er dessutan berre to dagar sidan vi hadde supermåne (på sitt nærmaste jorda) og fullmåne.

Ifølgje timeanddate.com gjekk månen dessutan ned omtrent nøyaktig på motsett side som sola kom opp.

Soloppgang i dag 06:34 - 72 gradar aust
Månen går ned 07:48 - 239 gradar sørvest

Det er kanskje planeten venus vi ser?

Den er nær nok til at vi kan sjå den med det blotte auget, og blir kalla «morgen- og aftenstjernen» fordi den er lettast å sjå rundt soloppgang og solnedgang.

Les meir om venus hos Illustrert Vitenskap og astroevents.no.

OPPDATERT: Etter publisering av bildet av soloppgangen, har vi blitt gjort merksame på at venus ikkje kan opptre som «morgonstjerne» i periodar den er «aftenstjerne».

Terje Bøthun har vore fascinert av stjernehimmelen nokre år, og er ganske trygg på at det ikkje er venus vi ser på bilder. Han viser til blant anna denne artikkelen på uio.no.

– Venus gjekk over til å vera aftenstjerne 13. august i fjor, og har over ein periode vore sterk på himmelen i vest, seier Bøthun.

Det vi ser på bildet er truleg ein refleksjon i kameralinsa, ein liten kopi av sola.

Kor lang er langfredag?

Sola går ned klokka 20:45 i dag (288 gradar vest). Det betyr at dagen i dag er litt over 14 timar og 10 minutt lang.

(Om vi ikkje hadde stilt klokka til sommartid, hadde sola stått opp 05.34 og gått ned 19.45.)

20. juni (sommarsolverv) står sola opp 04.11 og går ned 23.07. Dagen er 18 timar og 56 minutt lang.

Det finaste vêret denne påsken

Dagens fine soloppgang blir følgd av godvêr. Det er meldt noko meir skya utover dagen, men opphaldsvêr.

Temperaturen skal opp i 8 gradar.

Vindstyrken skal løya frå svake 3 m/s til endå meir stille 1 m/s på kvelden.

Langfredag får det finaste vêret denne påsken - så nyt dagen i dag!

Laurdag skal det regna frå morgonen av og gjennom heile dagen, samanhengande til søndag ettermiddag.

Måndag er det meldt sol, men 8-10 m/s vind.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.